Krig
I Morgenbladet 10. juni skriv professor emeritus Edvard Vogt ein lengre kronikk om det norske engasjementet i Afghanistan og Libya. Han meiner begge strid både med folkeretten og nasjonal rett. Det er grunn til å stille opp nokre innvendingar.
Når det gjeld Afghanistan er Vogt sin argumentasjon på det folkerettslege planet at det ikkje var tale om sjølvforsvar, men at det i staden er tale om ein folkerettsstridig angrepskrig. Folkerettsleg treff ikkje dette så godt lenger. Ein forbaud krig som konfliktløysingsmekanisme i den såkalla Kellogg-Briand pakta frå 1928, med eit underforstått unntak for sjølvforsvar. Omfattande væpna konfliktar vart likevel hevda å falla utanfor, då ingen formell krigstilstand låg føre. Ved opprettinga av FN gjekk ein derfor bort frå krig som det ein regulerte, og baserer seg i staden i pakta sin artikkel 2 avsnitt 4 på eit forbod mot bruk av makt. Dette får to unntak, sjølvforsvar og maktbruken sanksjonert av Tryggingsrådet i medhald av FN-pakta kapittel VII.
For Afghanistan vart slik maktbruk sanksjonert ved Tryggingsrådet sin resolusjon 1386 (2001) og seinare resolusjonar. Under FN-pakta er det i dag dermed liten tvil om den folkerettslege legitimiteten til det nåverande norske bidraget til Afghanistan. Så er det ei glipe her. Intervensjonen starta 7. oktober 2001, medan resolusjonen kom på plass 20. desember. Om sjølvforsvarsretten held for dette tidsrommet er omdiskutert, likevel slik at ein synast falla ned på at det held ? om enn så vidt.
For Libya synest ikkje Vogt sitt resonnement å vera mangel på folkerettsleg heimel. Fokuset her ligg på at det norske bidraget går utover det som vert autorisert gjennom Tryggingsrådet sin resolusjon 1973 (2011), som òg er fatta under kapittel VII. Resolusjonen sitt punkt 4 autoriserer alle nødvendige middel for å verna om sivile, og det utan at det er plikt til føregåande forhandlingar. Ved vedtakinga var neppe nokon i tvil om at det tyda nytting av luftmakt mot bakkemål, særleg all den tid i alle fall vedvarande bruk av bakkestyrkar vil koma i strid med okkupasjonsforbodet same punktet. Utover dette må enkelte bombingar og overhalding av forhandlingsplikta vurderast konkret og særskilt. Det er verdt å nemna at folkeretten forbyr vilkårlege angrep og angrep mot sivile mål, men i ikkje uvesentleg omfang aksepterer sivile tap i samband med angrep på militære mål.
Skal ein finna døme på verkeleg tvilsam bruk av norsk militærmakt i utlandet må me til Nato sin humanitære intervensjon i Kosovo i mars?juni 1999. Dette var ein maktbruk som sakna både sjølvforsvarselementet og autorisasjon frå Tryggingsrådet. Intervensjonen har både i statspraksis og teorien møtt alt frå velvilje og aksept, til bestemt fordømming.
På det internrettslege planet fører ein grundig gjennomgang regelen Vogt refererer til i grunnlova § 26 for langt her. Det skal berre nemnast at det var mellom det som var tema for Eirik Holmøyvik si prøveførelesing ved det juridiske fakultet i Bergen for kort tid sidan, og at konklusjonen der var at føresegna klart nok ikkje er til hinder for norsk deltaking i internasjonale operasjonar som fell under FN-pakta kapittel VII eller sjølvforsvarsretten. Nokon automatikk i at brot på folkeretten utløyser ansvar etter norsk rett er det heller ikkje.
Ein kan dela eller vera usamd i dei politiske standpunkta Vogt gjer gjeldande i kronikken. Dei rettslege er nok likevel, i beste fall, tvilsame.
Knut Einar Skodvin
Universitetsstipendiat, juridisk fakultet, UiB


Ingen kommentarer