Stillas suverene smerte

<b>Slagkraft:</b> Merethe Lindstrøm er nominert til heile fire prisar for sin siste roman, som òg imponerer Morgenbladet sin bokmeldar.  Foto: Ellen Lande Gossner
Slagkraft: Merethe Lindstrøm er nominert til heile fire prisar for sin siste roman, som òg imponerer Morgenbladet sin bokmeldar. Foto: Ellen Lande Gossner

Vinner av årets Kritikerpris, Merethe Lindstrøm, ber den litterære arven frå Askildsen på strake hender.

Å teie er eit val. Å snakke eit anna. Men korleis avgjere om det ein vel er rett? Dager i stillhetens historie som kom ut i fjor haust, er Merethe Lindstrøms sjuande, og klart beste roman.

Ut over romanane, der den filmatiserte Stedfortrederen (1997), som delvis byggjer på historier frå Bastøy skolehjem, er den mest kjente, har ho skrive sju novellesamlingar. I 2008 var ho nominert til Nordisk Råds litteraturpris for samlinga Gjestene, og same året fekk ho Dobloug-prisen for den samla forfattarskapen sin. Bøkene hennar har ein sterk tematisk samanheng. Med utgangspunkt i konkrete situasjonar, borar Lindstrøm utretteleg ned i dei kjenslestyrte nyansane i nære relasjonar. Dager i stillhetens historie har tematisk slagkraft som eit trykkluftsbor, men er like språkleg finstemt som ei fjærvekt.

 

Hele denne artikkelen kan du lese i papiravisen, eller ved å opprette et nettabonnement på Morgenbladet.no.

Du kan kjøpe Morgenbladet som e-avis her for kr 35,-.

Er du abonnent? Logg inn for å lese resten av artikkelen
Logg inn med e-postadresse og kundenummer