|
Skriv inn din e-postadresse for å motta Morgenbladets nyhetsbrev hver fredag.
Sentralbord:
Tlf: 21 00 63 00 Faks: 21 00 63 01 E-post: redaksjon@morgenbladet.no Kronikker- og debattinnlegg sendes til: debatt@morgenbladet.no kronikk@morgenbladet.no Adresse: Morgenbladet as Karl Johansgt 25 0159 Oslo Redaksjon Alle saker |
Demokrati og daude
Statsministerens grunngiving for krigen i Afghanistan yter ikkje den falne borgaren rettferd.
For heltar har heile verda som si grav. Og meir enn gjerninga og minnesmerka er det haldninga som lever vidare. Ta dykk dette til føredøme. Og når de søkjer lukka i fridommen og fridommen i motet, gå aldri or vegen for krigens farar. (Thukydid) Ein av dei klassiske grunntekstane åt demokratiet er ein tale over falne i krig. Vinteren 431 før Kristus heldt den store folkevalde leiaren Perikles ein gravtale over athenske borgarar som hadde falle i krigen mot Sparta. Dette var ein gammal skikk. Restane etter dei daude var stilte ut i eit stort telt i tre dagar der skuldfolk og andre kunne bere fram offergåver. Etterpå blei beina etter dei daude lagde i ti sarkofagar av sypresstre, ei for kvar athensk stamme, og borne i prosesjon gjennom byen til ein offentleg gravplass i den finaste bydelen, Kerameikos. Etter det blei den tradisjonelle gravtalen halden frå ein stor tribune bygd særskilt til dette føremålet.
Men at ein fellesskap kunne ta del i æra åt ein mindre lagnadsfellesskap av falne, og at dermed jamvel den mest kvardagslege bruk av fridommen skulle gå opp i ein større overgripande idé om fridom, det var noko heilt nytt. Og det er dette siste punktet som markerer det store omslaget. Heltemodet åt dei falne låg ikkje i handlingane dei utførde på slagmarka, men at kvar og ein så inderleg vel visste kva dei ofra. At dei av fri vilje tømde den bitre kalken vel vitande om at livsens lyse gleder no var over for deira vedkomande. Dette meinte Perikles var det sanne heltemodet. Ikkje det medvettslause modet åt dei drilla og tukta spartanske krigarane, som ikkje kunne vone på noko betre enn krigen. Fridom og likskap blir bundne saman av det ytste av alle offer. Men dette skjer ikkje av ord aleine. Skaldane kunne saktens kvede så vent om den einsame helten. Men den demokratiske talen er einfeld og sannferdeleg fordi tilhøyrarane skal vite at det like godt kunne ha vore dei sjølve det blei tala over. Tanken om at demokratiet er ei kjempande livsform, slokna ikkje med lyset frå Akropolis. Den 19. november 1863 heldt president Abraham Lincoln den mest kjende talen i amerikansk historie. Dette er òg ein tale over falne. Og det er ein tale som syg nytt livsblod til demokratiet frå dei mange tusen falne i slaget ved Gettysburg nokre julidagar same år. Dette var vendepunktet i den amerikanske borgarkrigen. Talen som seinare er blitt kjend som The Gettysburg Address, er berre ti stutthogne setningar som munna ut i ei einaste stor maning. Dei fall for at «government of the people, by the people, for the people, shall not perish from the earth». Ettertida har jamført talen med gravtalen åt Perikles. Og desse orda har blitt prenta inn i amerikanske skuleelevar i generasjonar. Allmenn skulelærdom i Norden er at demokrati og fred er to sider av same sak. Det er i beste fall ei halvsanning. Demokratiet og krigen har følgt kvarandre. Allmenn røysterett har ofte komme etter ein krig eller ein revolusjon. Skulder ved skulder i skyttargravene og saman i dauden blir solidaritet og likskap til noko som ikkje treng store ord. Berre dei som ofrar seg og sine er truverdig like einannan. Alle andre kvalifikasjonar smuldrar bort. Den som har hatt ein Stengun i neven, kan ikkje nektast ein penn på valdagen. Stort meir trong ikkje å bli sagt da røysterettsalderen skulle bli sett ned til 18 år i Noreg like etter krigen. Endåtil røysteretten for kvinner i fredsæle Noreg har eit krigersk opphav. Stortinget markerte takksemd for innsamlinga av underskrifter for unionsoppløysinga i 1905. Retten og plikta til å ofre livet for land og folk er meir opphavleg i demokratiet enn eigedom og utdaning. Patrioten er meir allmenn enn borgaren. Preussen førde inn allmenn verneplikt i 1813. Saman med liveigenskapen blei prylestraffa i militæret oppheva. Eit uventa utslag av politisk korrekt humanisme? Slett ikkje. Det knusande nederlaget mot Napoleon i 1806 hadde lært dei prøyssiske generalane at ein ikkje kan vinne krigar med ufrie menn. Og frie menn er menn av ære. Dei er venta å kjempe til dauden, men skal ikkje tåle vanærande stokkeslag frå sosialt overordna. Inspirert av dei prøyssiske reformatorane Karl vom Stein og Karl August von Hardenberg blei prinsippet om allmenn verneplikt innført i den norske grunnlova i 1814. Men så seint som i andre helvta av 1800-talet nekta den norske embetsmannseliten med Anton Martin Schweigaard og Frederik Stang i spissen å gje slepp på prylestraffa i hæren og på sjøen. Ein skulle tru det var omvendt. At autoritære og krigerske Preussen prylte soldatane, medan fredelege Noreg ikkje gjorde det. Men slik var det altså ikkje. Så kvifor? Den norske eliten kjende seg framand andsynes folket og stødde seg i staden på eigedom og utdaningsprivileg i lukka sosiale nettverk. Dette er ei ubroten line i norsk historie. Etter det korte tilbakeslaget i 1884 sette embetsmannsætlingane seg på toppen av arbeidarrørsla i mellomkrigstida som kulturradikalarar med bakgrunn frå studentorganisasjonen Mot Dag. Forvaltingsstaten blei atterreist på sosialmaterialistisk grunn. Ikkje til å undrast over då, når krigshundane, svarte i leten og raude i augo som dei er, kjem glefsande og halsande ubedne inn i villahagen, at statsministeren blir tapt for målet. Andleta åt Stoltenberg og forsvarsminister Grete Faremo er som attlatne departementsdører nokon har skore ein kross i ein stolen nattetime. Det er som aktor har sett inn nådestøyten mot den tiltala. Her er dei falne. Kvifor er dei i Afghanistan? Svar! Og Stoltenberg vrir seg. Innser at han må velje ein ny strategi. Finne ein grunn – etter at soldatane er daude: gå inn saman med våre allierte, gjere vår eiga verd trygg, byggje demokrati, frigjere dei afghanske kvinnene. Ei liste av gode grunnar kan hende, men ingen marsjordre som yter den falne borgaren rettferd. Krigaren, derimot, treng eigentleg ingen grunn. Han kan kjempe og døy i myteæva. Men det sanne demokratiet krev ein samtale mellom levande og daude. Det var det Perikles og Lincoln så meisterleg fekk til. Difor fell fråværets talemåtar så tungt til jorda her heime. I ein glimt er det som om folk og elite må møtast i den hjelpelause skamma som berre nye sanningar tvingar seg på med. Det var aldri meininga at vi skulle møtast såleis åsyn til åsyn. Ingen ti setningar kan forløyse det pinsame. Det er berre gru, togn og otte. Demokratiet er ein nådelaus skald som krev stunda og staden. Berre han kan kalle krigshundane til seg att. Nils Rune Langeland er historiker og førsteamanuensis ved Universitetet i Stavanger. samfunn@morgenbladet.no Publisert 09. juli 2010 |