annonse:1

MORGENBLADET

Utgis av Morgenbladet as / Etablert 1819 av boktrykker Niels Wulfsberg
Sex som gastronomi
Munken Arnfinn Haram har lest Cupido, bladet for kåthet og glede.

Del denne artikkelen:
| Mer
Det aller første nummeret: Cupidos debut-forside i 1984.

Eg må innrømme at eg måtte presse meg gjennom det erotiske tidsskriftet Cupidos sitt jubileumsnummer. Bladet feirar «25 år med kamp for kåthet og glede», og denne spesialutgåva inneheld forutan ymse seksualideologisk småstoff ei slags best of-samling med erotiske noveller. Det var eit pæs å lese, for det dreiar seg sjølsagt om pornografi, uansett kor lekkert og seriøst utgjevarane ynskjer å presentere det. Eg har full forståing for at folk som likar slike tekstar, vil finne mine meiningar urettferdige som bokmelding. Så kom gjerne med eit alternativt syn og la det eg skriv, stå som mine heilt subjektive oppfatningar.

Radissporno. Eg oppfattar dette heftet og heile sjangeren som andpusten raddisporno. Eller som orda fall frå ein eg viste boka til: «SV-sex!»

Her finst det meste: Tradd heterosex, litt for lesber og homsar, gruppesex og blandingssex, sadomachosisme med spanskrøyr og børstar, overgrep på fjortisar i gymgaredroben med meir. Ille nok, men tanken er at det er moralsk akseptabelt som estetiske smaksprøver for eit kultivert publikum. Den danna og beherska lesaren kan nyte ubeherska sex utan skruplar. Han vil gjerne bli kåt, men syns det er triveleg å kombinere det med ei meir estetisk tilskodarrolle. Tekstens «vidunderlige potensial også for seksuell tenning» dukkar kanskje opp «først ved andre gangs lesning», i fylgje eit intervju med pionérredaktøren Terje Gammelsrud. Ei historie med grovt overgrep av ei kvinne, utført av firmaets «ledergruppe» blir heilt ok gjennom den intellektualiserande introdukjsonsteksten: «I bunnen av det hele ligger hovedpersonens vilje til å gi fra seg all kontroll, og samtidig være den som bestemmer alt. Dermed blir ikke dette en historie om et overgrep, men en drivende god beskrivelse av lykke, både fysisk og mentalt». Vips!

Gastronomi. Cupidos mjukporno for middelklassen presenterer sexlitteratur som noko greitt og tilbakelent, som hedonisme for skjønnånder. Sex som gastronomi. Vi har jo frå før klubbar for lutefisk, for østers, for smalahovud, for whisky og for fine vinar. Kjennarane nyt ikkje berre produkta, men sjølve kunsten å nyte.

Skal tru om ikkje den menneskelege evna til nyting har ein av sine verste fiendar i den gastronomiske forfininga og spesialiseringa? Kor gode kan godsaker bli? Kor teknisk perfekte cd-ar og høytalaranlegg kan vi tole? Kor elegant kan elegansen bli? Kor mykje kan sensualiteten stimulerast før vi byrjar å smuggjespe?

Etter min Cupido-lektyre kan eg berre seie: «Less is more!» Asketisk avgrensing er bra, ikkje berre for dygdene, men også for sensualiteten. Kanskje vill gastronomar og hedonistar av alle slag vere samde i at eit visst avhald inngår i nytingskunsten. Eg meiner det tippar over nettopp når nytinga blir ein kunstart, noko utsøkt, noko søkt.

Puritanisme. Men røpar eg ikkje her berre den munke-puritanismen som Cupido vil gå til felts mot? Nei. Det er ikkje opplagt at det å vere kysk fører til forakt for kroppen og frykt for sensualiteten. Det erotiske og det etiske har blitt sett som motsetningar både av moralistane og av antimoralistane. Mennnesket er eit erotisk vesen, eit lengtande vesen. Det vi lengtar etter, er ikkje abstraksjonar. Kroppen lar oss ta i mot alt som er godt som noko verkeleg. Mennesket er kropp og må elske kroppsleg. Ekteskapet er eit sakrament, fullbyrda i den seksuelle og kroppslege akta. Er mennesket skapt i Guds bilete, må det vere noko sensuelt ved Gud også: At han elskar, at han lengtar, at han er sjalu, at han trår etter oss, at han saknar og syrgjer. Gud lar seg inkarnere, «ikjøte», sakramenta er materielle og guddomlege på same tid, ikonane er kroppslege avbildingar og manifestasjonar av åndelege røyndomar. Ortodoks teologi har alltid fasthalde det positive ved det kroppslege og materielle og avvist manikeisme og dualisme.

Avskyr kroppen. Det er ei gjengs oppfatning at det er kyrkja og kristendomen med sitt asketiske ideal som har skapt fiendskap mot kropp, sex og sensualitet. Men det rare er at nettopp libertinismen kan slå over i avsky for det kroppslege. Kvifor er sadisme og innslag av vald seksuelt pirrande? Oppgjeret med kristen og religiøs praksis har vilja gje tilbake eigenverdien åt det sanslege og naturlege. Men kva hender når mennesket og røyndomen blir berre «natur»? Cupido-festskriftet siterer Marquis de Sades hedonistiske opprop frå ei av bøkene hans: «Nytelsesmennesker i alle aldre og av alle kjønn! Det er kun dere jeg tilegner dette verket. La dere nære av bokens prinsipper, for de vil fremelske deres lidenskaper, og disse lidenskaper [...] er ikke annet enn nettopp de samme midler som naturen benytter for å få mennesket til å nå frem til de anskuelser som naturen selv har på det. Ikke lytt til noe annet enn disse deilige lidenskaper».

Humanistisk underskot. Når «det naturlege» blir lausrive frå dygdene, er vegen kort til menneskeleg rovdrift både på seg sjølv og andre. Dette er de Sade sjølvsagt heilt usamd i, og Cupido siterer han igjen, sannsynlegvis med samtykke: «Formelen for historien er enkel: Det finnes ingen Gud, dyd leder til ulykkelighet, og laster fører til glede og triumfer». Men er mennesket så eindimensjonalt som dette?

Er det ikkje heller slik at den sanselege nytinga har ei uro i seg, noko som søkjer ut over sansinga? Eller som nettopp gjev sansinga intensitet som ei menneskeleg oppleving? Har ikkje moderne psykologi kritisert det einsidige synet på driftene som den djupaste, menneskelege drivkrafta? Er det ikkje eigentleg lengten etter fullstendig fellesskap, forståing og aksept som er det inste i oss? Det kroppslege er ein del av dette, men er ikkje alt. Pornografi, også den mjuke varianten, er seksualitet med humanistisk underskot.

Erotikk som poesi. Det er nettopp det grenseoverskridande, fordjupande og utvidande ved erotikken som kjem til kort i Cupido. Samanlikn med eit erotisk dikt som «Høgsongen»: «Eg er ein mur, og mine bryst er som tårn. I augo hans har eg vorte lik ein som finn fred». Den erotiske kjærleiken er ikkje berre eit poetisk tema par excellence, erotikken er i seg sjølv poetisk lada; han er eit teikn og ikkje berre rå smatting. Flørten og den frivole humoren har sin plass, mennesket kan ikkje vere ha-stemt konstant, men det erotiske kan vere like sterkt når det berre røpar seg i forteljinga utan å bli klint opp i trynet på lesaren heile tida. Ein klassikar som Giovanni Boccaccios Decameronen (cirka 1350) er lystigare både som litteratur og som er erotikk, etter min smak.

Modernitetens håp. Alt i alt spør eg meg om eit prosjekt som Cupido eigentleg handlar om erotikk i seg sjølv. For meg framstår det meir som eit ideologisk manifest og som eit julenummer for den seksuelle frigjeringa. Difor verkar det også litt forsinka, som eit programskrift for grånande livsnytarar. Kor sensasjonelt er det med endå meir sex i eit samfunn som liknar stadig meir på eit slags permanent russefeiring? Det sentrale idékapitlet i skriftet plasserer pornografien og dei obskøne tekstane nettopp som modernitetens «demrende håp om en ny tid etter middelalderens prestestyrte mørke», som «hovedsaklig antigeistlig» og som særleg retta mot «moralelementene i den katolske kirken».

Det er stadig dette det dreiar seg om, og det får vere opp til lesarane å vurdere i kor stor grad seksuelle restriksjonar er ein trussel no for tida. Alt for omstendeleg sexlitteratur verkar meir trivialiserande enn stimulerande, trur eg. Det er kanskje ikkje tilfeldig at ein innimellom dei dristige tekstane og heftige illustrasjonane finn små, greie statistikkar som opplyser oss om prosentsatsen av analsex, flexisex og «slikk og sug».

Erotisk kveik er menneskeleg og nødvending. Men dersom eg vil ha seksuell tenning, droppar eg Cupido og tek heller ein tur i Bogstadveien.

anmeldelse
Hanne Grasmo (red.)
Kom! Cupido 25 år
160 sider. Hverdag. 2009


Arnfinn Haram er dominikanarmunk


Publisert 29. mai 2009

annonser: